30/08/2026
Ei lita oppdatering frå Hestad Trearbeid
Eg har grubla litt i det siste, og på grunn av auka arb mengd i den faste jobben min, ser eg meg dessverre nødt til å setje bestillingsarbeid på vent ei stund.
I første omgang kjem eg derfor ikkje til å ta på meg nye bestillingar resten av året. Dei bestillingane eg allereie har inne skal sjølvsagt ferdigstillast som avtalt.
Eg håpar framleis å finne tid til å vere i verkstaden, men då blir det først og fremst eigne prosjekt og diverse skilt og andre upersonlige ting som eg lagar når eg har tid og lyst. Det som blir laga, kjem eg nok framleis til å legge ut for sal her på sida.
Det er ikkje eit heilt enkelt val, for eg trivst veldig godt med trearbeidet. Men når eg tek imot ei bestilling, følger det også ei forplikting om å levere – og akkurat den forpliktinga kjenner eg at eg ikkje alltid har overskot til ved sida av jobben no.
Eg vil heller at trearbeidet framleis skal vere noko eg gleder meg til, og ein måte å koble ut resten av verda på, enn at det skal bli enda ein ting eg føler eg må rekke.
Så verkstaden blir absolutt ikkje lagt ned – eg skrur berre ned tempoet og tek tilbake litt av hobbyen i det.
Takk sålangt til kunder og følgere, så håper eg doke vil fortsette følge med, sjøl om blir litt roligere 😇