03/07/2026
Ein bauta i AS -BTS Bergen Transport & Spedisjon har i dag hatt sin siste arbeidsdag hjå oss😢☺️
MR BTS Pål Kulleseid❤️
Etter heile 24 år i firmaet er tida komme for at du skal starte eit nytt kapittel. Eit kvart århundre er ikkje berre eit tall, det er utallige arbeidsdager, gode samtalar, utfordringer, latter og minner me har delt saman.
Du har vært ein kollega som alltid har stilt opp, gjort ein solid jobb og bidratt til eit godt arbeidsmiljø. Din innsats, lojalitet og gode humør har betydd mykje for oss alle, og det er ingen tvil om at du vil bli savna.
Samtidig er me glade på dine vegne. Me ønsker deg masse lykke til i den nye jobben og håper du vil trives like godt der som du har gjort hjå oss. Dei er heldige som får deg med på laget😊
Tusen takk for alt du har bidratt med gjennom desse 24 åra. Me ønsker deg alt det beste videre, og husk at du alltid er hjarteleg velkommen innom for en kopp kaffi og en god prat.
Lykke til videre, og takk for innsatsen❤️🤩
Inn i stillingen som kran ansvarlig i BTS har me no Erik Bakken🤩 Bedre kjent som Bakkjen☺️