Eivindvik brygge

Eivindvik brygge Velkommen til Eivindvik brygge! Gjestehamn, matbutikk, overnatting, restaurant, trening, drivstoff og ladestasjon. https://www.eivindvikbrygge.no

Heim til jul? Nå ligg juletrening ute for sal!Medlemskapet finn du i medlemsportalen vår (gå via heimesida), og du betal...
16/12/2025

Heim til jul? Nå ligg juletrening ute for sal!

Medlemskapet finn du i medlemsportalen vår (gå via heimesida), og du betalar med vipps. Treninga di byrjar 20.desember (uansett når du kjøper det) og du kan trene til og med søndag 4.januar. Medlemskapet stoppar heilt av seg sjølv.

For deg som ikkje har langfri eller berre er innom ein liten tur så kan du få dagspass til 100 kr, 3-dagarspass til 155 kr eller vekespass til 235 kr. Du finn alt i portalen.

Velkomen til eit julepynta sentrum og god trening i Helsebanken.

ANNE MEIDELL ENGESÆTER RØEN – BUTIKKLEIARAnne bur i Nordgulen, i eit hus som har vore i familien i mange år. Ho har soli...
15/12/2025

ANNE MEIDELL ENGESÆTER RØEN – BUTIKKLEIAR
Anne bur i Nordgulen, i eit hus som har vore i familien i mange år. Ho har solid erfaring frå kultur- og kafébransjen, og bakgrunn frå helse- og omsorgssektoren i Bergen kommune.
Nyleg har ho hospitert i ein Spar-butikk i Bergen, og gler seg til å ta fatt på oppgåvene som følgjer med å forme ein av bygdas viktigaste møteplassar. Nokon kjenner henne kanskje òg frå tida som servicemanager i Team Rynkeby

SIRIANNE DINGEN – NESTLEIAR
Sirianne kjem frå Eivindvik og er eit kjent fjes for mange. Dei siste seks åra har ho jobba som prosessoperatør, men er no klar for nye utfordringar i heimbygda. Ho er bonusmor til ei jente på 10 år, har ei dotter på 1 år og ventar ein gut med termin i slutten av april.
Med stort engasjement for utvikling og for å ta vare på bygda vår, blir ho ein viktig del av laget som nestleiar hjå Spar Eivindvik. Ho vil møte deg med smil og godt humør!

VIDAR DAHL – BUTIKKMEDARBEIDAR
Vidar kjem opphavleg frå Færøyane, men har lang arbeidserfaring frå Noreg. Han bur i Nordgulen saman med samboar og dotter. Kanskje har du møtt han hos Tveita Gardsmat eller på Brekkestranda Fjordhotel – stader han har jobba før. No ser han fram til å bidra til at kundane får ei god handleoppleving i butikken.

RUNE HÅVÅG – AKTIV MEDEIGAR
Rune er eit kjent ansikt for alle med tilknyting til Eivindvik. Til dagleg arbeider han som kaptein på ekspressbåtane, men når han har avspasering, vil han vere med i butikken. Rune har eit sterkt engasjement for distriktsutvikling – både som lokalpolitikar, som frivillig og no som aktiv i oppstarten av Spar Eivindvik. Målet er å skape ein solid butikkdrift som styrkjer servicetilbodet for innbyggarar, hyttefolk og besøkande.

Planlegginga har pågått lenge, og no nærmar vi oss dagen då bygda si butikk får nye eigarar. Dei nye ansikta som snart m...
10/12/2025

Planlegginga har pågått lenge, og no nærmar vi oss dagen då bygda si butikk får nye eigarar.

Dei nye ansikta som snart møter dykk i butikken, blir presenterte med bilete og ei lita introduksjon – følg med! Vi lovar dykk smil, engasjement og god service i kvardagen.

Det er mykje som skal på plass bak kulissane – nye system og rutinar – så vi håpar på tolmod og ei varm mottaking i oppstartsfasen.

Vi gler oss til å sjå dykk i butikken!

Vi sjåast snart!

https://www.eivindvikbrygge.no/kva-skjer/vi-tel-ned-til-oppstart
10/12/2025

https://www.eivindvikbrygge.no/kva-skjer/vi-tel-ned-til-oppstart

Planlegginga har pågått lenge, og no nærmar vi oss dagen då bygda si butikk får nye eigarar. Dei nye ansikta som snart møter dykk i butikken, blir presenterte med bilete og ei lita introduksjon – følg med! Vi lovar dykk smil, engasjement og god service i kvardagen. Det er mykje som skal på...

«stay tuned»
21/11/2025

«stay tuned»

Endelig kan du ta juleklippen lokalt 💇‍♀️
21/11/2025

Endelig kan du ta juleklippen lokalt 💇‍♀️

Sunniva Iren Molde Lervaag har satset lokalt, slik at det endelig er frisørsalong i Eivindvik igjen. Her får vi en frisør som har høy kompetanse med blant annet 2. plass i NM og flere års erfaring fra frisørsalong i Bergen. Hun flytter inn i våre lokaler 1. desember. Sammen er vi i sluttfasen...

Helsebanken tilbyr for en prøveperiode klippekort,
12/09/2025

Helsebanken tilbyr for en prøveperiode klippekort,

Helsebanken vil i en prøveperiode tilby “klippekort” for 10 ganger til kr 750. Ut i fra henvendelsene vi har fått, ser det ut til å være et sterkt ønske fra spesielt hytteinnbyggere og andre som jevnlig oppholder seg i kommunen. Lykke til med treningen !

Vil du bli butikkmedarbeidar i Spar Eivindvik Brygge
05/09/2025

Vil du bli butikkmedarbeidar i Spar Eivindvik Brygge

Eivindvik Brygge AS overtar kjøpmannsdrift for Sparbutikken i Eivindvik frå og med 1. januar 2026. I den samanheng har vi søkt etter butikkmedarbeidar for daglegvarebutikk i Eivindvik Sentrum.

Vi går mot vinterstenging, og med større salg enn forventa siste veka har vi for lite varer på lager til å halde oppe si...
09/08/2025

Vi går mot vinterstenging, og med større salg enn forventa siste veka har vi for lite varer på lager til å halde oppe siste dagen. Vi held derfor stengt i morgon, søndag 10. august.

Tusen takk til alle som har vert innom oss i løpet av sommaren, vi ser allereie fram til neste år!

09/08/2025

Vi går mot høststenging, og med større salg enn forventa siste veka har vi for lite varer på lager til å halde oppe siste dagen. Vi held derfor stengt i morgon, søndag 10. august.

Tusen takk til alle som har vert innom oss i løpet av sommaren, vi ser allereie fram til neste år!

Trening er viktig for alle – uansett alder og livssituasjon. Med personleg oppfølging kan treningsopplegget tilpassast d...
05/08/2025

Trening er viktig for alle – uansett alder og livssituasjon. Med personleg oppfølging kan treningsopplegget tilpassast din helse, ta omsyn til eventuelle utfordringar og legge til rette for eit ambisjonsnivå som passar deg. Få med deg foredraget av personleg trenar Anne-Britt Molde,

Trening er viktig for alle – uansett alder og livssituasjon. Med personleg oppfølging kan treningsopplegget tilpassast din helse, ta omsyn til eventuelle utfordringar og legge til rette for eit ambisjonsnivå som passar deg. Vi er stolte over å kunne invitere til foredrag med personleg trenar An...

Adresse

Eivindvikvegen 1098
Eivindvik
5966

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eivindvik brygge legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Eivindvik brygge:

Del

Type