16/08/2026
Tenk deg å kjøra i eit lavendel landskap med åkrar på begge sider av bilen, i det me steig ut av bilen kjente me den deilige duften av lavendel💜
Det var lavendel så langt auga kunne sjå, biene surra rundt og lavendelen dansa fint i vinden💜 Detta var ein fantastisk opplevelse🤩
Ikkje nok med det, men nett den veka var det lavnedelfestival i Brihuega òg, så me fekk virkelig ein flott opplevelse💜 Landsbyen var pynta i lilla frå topp til tå, og nokon souvenirar blei det sjølvsagt med heim.
Brihuega ligger ein knappe time nord aust for Madrid, noko som gjorde det som eit perfekt stopp på vei frå Rioja til Madrid🚗
Nokon dagar før me skulle på roadtripen vår dukka det opp bilder frå lavendelåker og landsbyen på instagram, eg kikka litt nermare på lokasjon, og tenkte at detta går jo ikkje an å gå glipp av, sjølv om me måtte legga inn ein time omvei på ruta🚗 Då var det berre opp å hoppa litt tidligare😅
Slike stopp som detta gjere at roadtrip blir endå kjekkare🤩 For me hadde aldri komt over denna opplevelsen hadde me flydd frå a-b🙌🏽
Det er finast å besøka lavendelåkrane og lavendelfestivalen i Brihuega i medio juli💜
Ayuntamiento de Brihuega Spain Spain 🇪🇸 España Travel | Hotels | Food | Tips