Isrosa

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Isrosa Isrosa er varemerket for økologisk iskrem og fruktis, laga av verksemda Norsk økois. Økologisk iskrem og fruktis.

30/08/2026
Den andre halvparten av fyrsteplassen i dikt-tevlinga gjekk til Maja og Henrik, her representert ved sistnemnde.
16/08/2026

Den andre halvparten av fyrsteplassen i dikt-tevlinga gjekk til Maja og Henrik, her representert ved sistnemnde.

Då er resultata frå siste dag av dikt-tevlinga til Isrosa komne inn frå juryen. Nivået var om mogeleg endå høgare i dag ...
15/08/2026

Då er resultata frå siste dag av dikt-tevlinga til Isrosa komne inn frå juryen. Nivået var om mogeleg endå høgare i dag enn dei to førre dagane, og me hamna difor på ein delt fyrsteplass. Den fyrste premien - is i kjeks, etter fritt val - vart delt ut til Kjersti frå Norheimsund, som hadde gått til botnen i temaet is og laga eit illustrert dikt om rips, ismaskin og det å få slutt på ismangel (det fall seg endåtil så at me greidde grava fram ein ekstra boks sjokolade-is til premien). Isrosa (avd. for skjønnlitteratur) ynskjer så mykje til lukke!

Vinnaren av Isrosa si dikt-tevling fredag på Øyafestivalen vart Frida. Her ser du henne med premien, ein Isrosa-is i nys...
15/08/2026

Vinnaren av Isrosa si dikt-tevling fredag på Øyafestivalen vart Frida. Her ser du henne med premien, ein Isrosa-is i nysteikt kjeks. Frida sa i vinnartalen sin at Isrosa-prisen var ei oppmuntring for henne som songskrivar, og Isrosa ynskjer lukke til vidare.

14/08/2026
Isrosa is utvidar kulturtilbodet på Øyafestivalen. Dag og Tid, bøker frå Fonna Forlag og sjølvsagt nynorske julehefte. D...
14/08/2026

Isrosa is utvidar kulturtilbodet på Øyafestivalen. Dag og Tid, bøker frå Fonna Forlag og sjølvsagt nynorske julehefte. Dessutan ny dikttevling i dag.

Isrosa is går stadig nye vegar, og i dag har me delt ut den fyrste Isrosa-prisen for skjønnlitteratur. Det kom inn omlag...
13/08/2026

Isrosa is går stadig nye vegar, og i dag har me delt ut den fyrste Isrosa-prisen for skjønnlitteratur. Det kom inn omlag 15 dikt til tevlinga vår, der emnet skulle vera iskrem. Juryen tok oppgåva si med stort alvor, med langvarige møte bak lukka dører, harde ordvekslingar og tilløp til handgemeng. Men til slutt vart det kåra ein vinnar: Rebekka og Anna med teksten "Han er så kald", med Olivia sin tekst om den sanselause mannen som ein sterk nummer to. Premien vart delt ut ved ein enkel, men høgtideleg seremoni ved Isrosa-bua på Øyafestivalen, der me gjorde greie for Isrosa-konsernet sitt langvarige engasjement i kulturspørsmål, før me gjekk over til premieutdelinga: fritt val i iskrem-disken. Me takkar alle som var med, og prøver på nytt i morgon.

I år stiller Isrosa is frå Kvinnherad på Øyafestivalen i Oslo. I dag slår me til med dikt-tevling! (med gratis is som pr...
13/08/2026

I år stiller Isrosa is frå Kvinnherad på Øyafestivalen i Oslo. I dag slår me til med dikt-tevling! (med gratis is som premie).

Etter åtte års pause er Isrosa is atter å finna på Øyafestivalen i Oslo. Sol vart det visst òg. Kom, kom!
12/08/2026

Etter åtte års pause er Isrosa is atter å finna på Øyafestivalen i Oslo. Sol vart det visst òg. Kom, kom!

Isrosa prøver seg på jordbæris. Den som kjem til Tøyenparken uti veka, får sjå.
10/08/2026

Isrosa prøver seg på jordbæris. Den som kjem til Tøyenparken uti veka, får sjå.

Adresse

Bringedalsvegen 183
Herøysund
5462

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Isrosa legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Isrosa:

Snarveier

Del