24/04/2026
Då folkens- ny helg på trappene🌸🌸 denne veka har me fått vore med på konsert i Manger Kyrkje, i regi av Manger Folkehøgskule🎵🎵 takk for oss! Som de kan sjå var Roy særskilt gira før me gjekk inn 😂 Elles er det både kransekakebaking og stryking av uniformer, nett so me lika det!
Godtfolk, me sonderer terrenget for å reise til Fedje ein dag i måneden. På den måten slepp Fedjingane alltid å reise til oss, og me kan bjuda litt på å ta ferga over med både bestillingar frå treavdelinga, bestilte kaker, nyvaska dyner, matter og enno meir. Vyrde fedjingar, tenkjer de at det kunne ha vore marknad for noko sånt? Er det verdt eit forsøk?😅😁
God helg, folkens🥰 mange av oss er allereide i Trondheim, medan resten har tusla seg forbi Ålesund. Vi er på veg ☀️☀️☀️❤️