Stord Lufthamn

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Stord Lufthamn Stord Lufthamn, Sørstokken Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn. Lufthamna ligg svært gunstig plassert på vestsida av øya Stord.

Frå Leirvik sentrum tek det ca. 18 minuttar med bil ut til lufthamna. For tida operer det eitt flyselskap på Stord lufthamn;
Danish Air Transport (DAT) flyg 16 rundturar pr. veke på strekninga Stord-Oslo-Stord med flytypen ATR-42 med 48 passasjerseter. Flyturen mellom Stord og Oslo tek ca. 55 min. I tillegg til rutetrafikken nyttast lufthamna regelmessig til treningsflyging og privatflygingar. Stord Lufthamn tilbyr rask og effektiv innsjekk, samt gratis opplading av el-bil medan du er vekkreist! Flyplassanlegget er eigd av Stord kommune og vert driven av Sunnhordland Lufthavn A/S. Stord kommune (79%) og Hordaland fylkeskommune (21%) er eigarar av lufthamnselskapet.

Ambulansefly på lufthamna. (Video)Ein liten filmsnutt av eit Beech 250 King Air ambulansefly som starta opp på lufthamna...
07/09/2026

Ambulansefly på lufthamna. (Video)

Ein liten filmsnutt av eit Beech 250 King Air ambulansefly som starta opp på lufthamna mot slutten av førre månad.
Flyet er operert av Luftambulansetenesta og vitja Sørstokken i samband med ein pasienttransport.

A Beech King Air 250 ambulance plane starts up at Stord airport dur...

Positiv trafikkutvikling på Osloruta.Pr. august månad har til saman 39 138 personar nytta seg av Osloruta til DAT i 2026...
04/09/2026

Positiv trafikkutvikling på Osloruta.

Pr. august månad har til saman 39 138 personar nytta seg av Osloruta til DAT i 2026. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 5 665 personar eller 16,9%.

Kabinfaktoren for perioden januar-august var i 2026 på 80,3%. Kabinfaktoren for samme periode i 2025 var på 69,9. DAT har såleis hatt ein auke i kabinfaktoren på 10,4%.

Etter eit noko redusert program i sommar, er DAT no tilbake til normalt program med 16 rotasjonar i veka.

Foto: Stord lufthamn

30. April 2001 vitja Kong Harald Stord lufthamn i samband med opninga av Trekantsambandet.Kongen kom med vanleg rutefly ...
28/08/2026

30. April 2001 vitja Kong Harald Stord lufthamn i samband med opninga av Trekantsambandet.
Kongen kom med vanleg rutefly frå Oslo og vart møtt av mellom anna lufthamnsjef Jan Morten Myklebust og ordførar Magne Rommetveit.

Stord lufthamn kondolerer og sender vår varmaste omtanke til kongefamilien, i anledning kong Haralds bortgang i dag 28. August. 🌹

Travle dagar på lufthamna.Den siste veka har det vore travelt i luftrommet til Stord lufthamn.I tårnet registrerte luftt...
27/08/2026

Travle dagar på lufthamna.

Den siste veka har det vore travelt i luftrommet til Stord lufthamn.
I tårnet registrerte lufttrafikktenesta onsdag 26. august heile 62 flybevegelsar. (Ein flybevegelse vil seie ei landing, ein avgang, eller ei gjennomflyging med eit luftfartøy.)
Totalt var heile 19 ulike fly og helikopter innom luftrommet til lufthamna denne dagen. Mellom anna landa det fly frå flyklubbane på Sola, Karmøy, Stord og Flesland på Sørstokken, i tillegg til fleire privatfly, samt ruteflyet til DAT.

Totalt har tårnet registrert 209 flybevegelsar dei siste 7 dagane.
På bilete kan ein sjå eit par av dei, i form av to fly frå Jæren Sportsflyklubb, som landa i formasjon på rullebanen i går, onsdag.

Nå er streiken over, melder partene mandag kl. 14.– Spekter/Avinor og Flygelederforeningen er svært fornøyd med å ha kom...
24/08/2026

Nå er streiken over, melder partene mandag kl. 14.

– Spekter/Avinor og Flygelederforeningen er svært fornøyd med å ha kommet til enighet, slik at streiken som har rammet passasjerer og flytrafikken nå avsluttes, sier Spekters administrerende direktør Anne-Kari Bratten og leder i Flygelederforeningen Robert Gjønnes i en felles kommentar i en pressemelding.

Flygelederne kommer tilbake på jobb «så snart som praktisk mulig», heter det i pressemeldingen.

Foto: Jan Morten Myklebust

Lågtflygande militærfly over lufthamna. (Video)Førre veke kom eitt av Luftforsvarets C-130 Herkules transportfly på ei o...
24/08/2026

Lågtflygande militærfly over lufthamna. (Video)

Førre veke kom eitt av Luftforsvarets C-130 Herkules transportfly på ei overflyging av rullebanen på Stord lufthamn.
Flyet tilhøyrer 335 skvadron med base på Oslo - Gardermoen, og var på ei treningsflyging under passeringa.

Du kan sjå forbiflyginga i denne filmsnutten.

A C-130J Hercules from 335 squadron of the Royal Norwegian Air Forc...

Flygeleiarstreik.Fredag klokka 11 gjekk Norsk Flygeleder­forening ut i streik. Streiken vil kunna påvirka DAT sine rutef...
21/08/2026

Flygeleiarstreik.

Fredag klokka 11 gjekk Norsk Flygeleder­forening ut i streik. Streiken vil kunna påvirka DAT sine ruteflygingar mellom Stord og Oslo.

Det er viktig at dei reisande forheld seg til normal avgangstid og møter opp på lufthamna i god tid.

Her finn du oppdatert informasjon om ruteflygingane https://www.stordlufthamn.no/flystatus-og-rutetabeller/

Me gjer merksam på at flygingane vert tildelt SLOT-tid fyrst 2 timar før normal avgangstid.

Foto: Stord lufthamn

VIP fly på lufthamna. (Video)Denne veka deler me ein filmsnutt av Sundt Air sitt Beech 200 King Air privatfly, som mello...
17/08/2026

VIP fly på lufthamna. (Video)

Denne veka deler me ein filmsnutt av Sundt Air sitt Beech 200 King Air privatfly, som mellom anna vitja lufthamna i august i fjor.
Flyet kom då frå Trondheim lufthavn - Værnes.

Same fly er venta å besøka Stord lufthamn seinare denne veka.

A VIP flight operated by Sundt Air arrives from Trondheim - Værnes ...

Vinn flybillettar! - Svar på vår kundeundersøking. ✈️🤔For å sikra kontinuerleg betring av våre tenester ved Stord luftha...
13/08/2026

Vinn flybillettar! - Svar på vår kundeundersøking. ✈️🤔

For å sikra kontinuerleg betring av våre tenester ved Stord lufthamn og Stordflyet, vil me med dette gjennomføra ei kundeundersøking.
Me set stor pris på ditt bidrag om du ynskjer å vera med i trekking av 2 gratisbillettar tur/retur Stord - Oslo, så sørg for at du set inn korrekt e-postadresse på skjema.

På førehand takk for hjelpa!

12/08/2026

Adresse

Flyplassvegen 344
Sagvåg
5410

Åpningstider

Mandag 05:30 - 19:15
Tirsdag 05:30 - 19:15
Onsdag 05:30 - 19:15
Torsdag 05:30 - 19:15
Fredag 05:30 - 19:15
Søndag 11:30 - 20:00

Telefon

+4753403700

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stord Lufthamn legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stord Lufthamn:

Snarveier

Del

Kategori