Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra, Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, 6239 Sykkylven, Sykkylven.

Familievenlege Fjellsætra i Sykkylven! 14 alpintrasear, 35 km med oppkjørte langrennsspor, regionens beste jibbepark, kafé og skiutleige – og gratis barnetrekk!

Tusen takk Sykkylven Brannkasse ❤️I dag fekk vi, i lag med fleire andre, tildelt gåver frå Sykkylven Brannkasse.Skitrekk...
13/06/2026

Tusen takk Sykkylven Brannkasse ❤️

I dag fekk vi, i lag med fleire andre, tildelt gåver frå Sykkylven Brannkasse.

Skitrekket fekk ei gåve på 300 000,- som skal gå til Familietrekket vårt. Juryen begrunna tildelinga med at skitrekket på Fjellsætra er eit viktig aktivitetssenter, det bidreg til folkehelsa og bygg lokalt samhald som og skaper trivsel. Bidraget skal gå til familietrekket, sidan det er eit svært viktig tiltak for familiar, born og unge som vil på slalomski. ⛷️

Vi veit vi vil bruke noko av summen til å få på plass betre snøproduksjon i Familietrekket. Det gir oss muligheit til å få snølagt bakken raskare og meir effektivt. ❄️

Vi set pris på at alt dugnadsarbeidet på skitrekket blir lagt merke til. Det gir motivasjon til å halde fram å utvikle eit endra betre tilbod til alle borna som held det gåande dag etter dag på ski.

Samstundes vil vi sei gratulere til dei andre organisasjonane og prosjekta som har fått tildelt gåver i dag, alle er like viktige for bygda vår. 😊

📸 Emilie Sætre Bonesmo

Innkalling årsmøte i Sykkylven Friluftssenter SA.Søndag 21. juni kl. 20.00 på varmestova.- Godkjenning av årsrekneskap o...
08/06/2026

Innkalling årsmøte i Sykkylven Friluftssenter SA.
Søndag 21. juni kl. 20.00 på varmestova.

- Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding.
- Val av styremedlemmar og styreleiar.
- Val av medlemmar til valnemnda.
- Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer inn under årsmøtet.

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Sykkylven Friluftssenter SA.Søndag 31. mai kl. 20.00 på varmestova.Sak: Oppdater...
13/05/2026

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Sykkylven Friluftssenter SA.
Søndag 31. mai kl. 20.00 på varmestova.

Sak: Oppdatering av vedtekter i samsvar med samvirkelova. Sjå forslaget på www.sunnmorslapane.no

Vil du drive ditt eige matkonsept til fjells? Drøymer du om sesongdrift? Perfekt for f.eks. cateringfirma med litt kaféd...
28/04/2026

Vil du drive ditt eige matkonsept til fjells? Drøymer du om sesongdrift? Perfekt for f.eks. cateringfirma med litt kafédrift på sida. Med mykje hytter og god plassering nær grensa til Stranda ligg mykje tilrette for eit godt konsept👨‍🍳

Svært gunstige vilkår ved leige🤝 Ta kontakt med dagleg leiar om du er nysgjerrig. Eivind Fet / (+47) 41 38 30 58

❄️ Takk for sesongen 2025/2026 på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra ❄️Sesongen er no over – og for ei tid vi har hatt p...
10/04/2026

❄️ Takk for sesongen 2025/2026 på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra ❄️
Sesongen er no over – og for ei tid vi har hatt på Fjellsætra!
Vi vil først og fremst rette ei stor og hjarteleg takk til alle våre gjester som har besøkt oss gjennom vinteren. De har fylt bakkane med skiglede, latter og aktivitet – og gitt oss motivasjon til å stå på, også når forholda har vore krevjande.
Ein minst like stor takk går til våre samarbeidspartnarar, som gjer det mogleg for oss å halde hjula i gang og utvikle anlegget vidare:
🤝 Sparebanken Møre
🤝 Devold of Norway AS
🤝 Ålesund Protective Wear AS
🤝 RAM Entreprenør AS
🤝 Brenne Entreprenør AS
🤝 Møre Trafo AS
🤝 Sykkylven Stålindustri AS
Vi vil også takke våre dyktige tilsette, som har levert kvalitet kvar einaste driftsdag – og ikkje minst våre fantastiske frivillige. Uten dugnadsånda, engasjementet og innsatsen frå dykk, hadde Fjellsætra aldri vore det fellesskapet og møtestaden det er i dag ❤️
Ein sesong full av aktivitet
I lag med Sykkylven IL Alpint har vi arrangert både treningar og renn, og lagt til rette for utvikling og idrettsglede for barn, ungdom og vaksne.
Takk også til Sykkylven IL Fotball som heiv seg rundt og holdt kiosken på Stova open.

Denne sesongen fekk vi også offisielt opna både Jibbeparken og Tare Familiepark – to viktige og populære satsingar for leik, læring og meistring i anlegget.
Vi gjennomførte nok ein heilt fantastisk Sparebanken Møre Jibbecamp, med rundt 300 deltakarar, og vinterferien vart fylt med aktivitet, samhald og minner for livet 🤩
Inkludering og samarbeid
Takka vere Sparebanken Møre har vi hatt gratis skibuss gjennom heile sesongen, noko som har gjort Fjellsætra meir tilgjengeleg for mange.
Vi har også hatt Tafjord Kraft skidag, og gjennom støtte frå Gjensidige-fondet har alle skulane i Sykkylven fått gratis skidag – eit viktig bidrag til å gi fleire barn og unge gode skiopplevingar ⛷️
Når forholda har tillate det, har vi også tråkka langrennsspor, som har vore flittig brukt av både lokalbefolkning og hyttefolk på Fjellsætra.
Framover – med blikket mot nye vintrar
Det er ingen løyndom at skisenter på Vestlandet står i ein meir krevjande kvardag, med mildare vintrar og mindre stabile snøforhold. Likevel har vi jobba målretta for å halde forholda levande – og det er vi stolte av.
No går vi inn i ein periode med vedlikehald og førebuing, og vi har mange store planar vi ønskjer å realisere vidare. Men mest av alt håpar vi på stabile og snørike vinterar, slik at gjestene våre får oppleve Sunnmørsalpane og Fjellsætra på sitt aller beste ❄️
No er vi klare for vår og sommar 🌱
Helser også til våre god naboer på Strandafjellet.
Men før vi veit ordet av det – så er det vinter igjen 😉
Tusen takk for sesongen – vi sjåast på Fjellsætra!

04/04/2026

BARNETREKKET ÅPENT IMORGA

Vi har åpent barnetrekket imorgen fra kl 11 00- 15 00.
Møt opp og kos dokke med rails, hopp og aking imorga også😃.

04/04/2026

Barnetrekket vil bli kjørt ikveld også fra ca 19 00- 20 30😃.
Så viss noken vil ut å lufte seg og samtidig øve litt på rails eller rett og slett berre ake litt, så er det berre å ta turen bort til anlegget😃

Vi køyrer tau-trekket nokre timar i forbindelse med påskeeggjakta kl 12.00. Det er allereie sveiva i gong, så det er ber...
04/04/2026

Vi køyrer tau-trekket nokre timar i forbindelse med påskeeggjakta kl 12.00. Det er allereie sveiva i gong, så det er berre å kome.

Det er sett opp tre rails så litt å bryne seg på for alle og ein kvar 😊

03/04/2026

🐣🥚 PÅSKEEGGJAKT FOR DEI MINSTE! 🥚🐣
I morgon på Påskeaften kl. 12:00 inviterer Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra til kjekk påskeeggjakt for dei minste 🐰✨
📍 Oppmøte: Utenfor stova på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra
Ta med barna, godt humør – og kanskje litt påskesol ☀️
Vi gler oss til ei triveleg stund i bakken 💛 kiosken på varmestua vil også holde opent.
Velkomen! 🐥🎿

02/04/2026

DESSVERRE STENGT😔

Der kom dessverre for lite snø inatt til å åpne anlegget, ca 15 cm var ikkje nok til å begynne å trakke nedfartene😔.

Vi beklager dette, men vi håper fremdeles på meir snø sjølv om det ikkje ser lyst ut på værmeldinga😔.
Vi har ikkje mista håpet på meir snø, og kjem det nok slik vi kan åpne så vil vi oppdatere dykk med ein gang.

Vi ynskte dykk ei fortsatt god påske😃

Adresse

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, 6239 Sykkylven
Sykkylven
6220

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Lørdag 10:00 - 16:00
Søndag 10:00 - 16:00

Telefon

70250606

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra:

Del