Tresfjord Kulturveg

Tresfjord Kulturveg Prosjektet kombinerer trygg ferdsel, kulturhistorie og naturopplevingar.

Vipps: 727760 Bank: 39051434491
Tresfjord kulturveg arbeider for å utvikle ein samanhengande kulturveg langs fjorden mellom Tresfjord kyrkje, Syltenausta, Fagervika og Hoem.

To bilder som viser kva kvalitet vi ønsker at heile stien skal få. Første bildet viser ein del av stien som i dag har bl...
08/07/2026

To bilder som viser kva kvalitet vi ønsker at heile stien skal få. Første bildet viser ein del av stien som i dag har blitt litt breiare og litt mindre bratt. Fotografen tok med tomstokk. Planen var å lage stien ein meter brei, og ca 40 cm. breiare der vi vil ha møteplasser. Det lykkast vi med. I tillegg gravde vi fram to flate steinar, som blir utmerkede kvilesteinar. Fotografen/ dugnadsarbeidaren vart sliten, så det vart ikkje meir enn eit lass med grus på dette området. På det andre bildet viser vi området der Kåre og Finn avslutta arbeidet som dei starta med på fredag. Finn har vore spesielt dyktig med å køyre på grus. Også her blir det så god bredde, at dette området får status som møteplass. Om stien blir så god at den kan brukast av andre enn fotgjengarar, vil vi komme tilbake til. No tar vi fire vekers sommarferie.

Sommarens siste dugnad før ferienI dag gjennomførte vi sommarens siste dugnad før vi tek ein liten feriepause. Neste dug...
08/07/2026

Sommarens siste dugnad før ferien

I dag gjennomførte vi sommarens siste dugnad før vi tek ein liten feriepause. Neste dugnad blir onsdag 5. august kl. 11.00.

Vi fekk godt arbeidsvêr, godt oppmøte og stor arbeidslyst. I løpet av dagen fekk vi mellom anna:

🔹 utbetra stien ved å fjerne store steinar og jamne ut ujamne parti

🔹 halde fram arbeidet med stubbefresing

🔹 rydda fram den gamle vegen ned frå den ytste avkøyrsla frå fylkesvegen

🔹 fått levert grov grus slik at vi kan lage ein førebels parkeringsplass for dei som vil besøkje kulturvegen

Midt i arbeidet fekk vi også hyggeleg besøk av nokre nyfikne geiter som såg ut til å ville kontrollere framdrifta.

Kaffipausen tok vi ved Per-benken på Storurneset, med flott utsikt over Tresfjorden. Randi Braute Sylte hadde baka ei ekstra god sjokoladekake, og det passa godt. I dag ville nemleg den opphavlege initiativtakaren til Tresfjord Kulturveg, Jan Arvid Sylte, ha fylt 76 år. Vi trur han ville ha gledd seg over å sjå kor langt prosjektet har kome.

Ei gledeleg nyheit er at Krister Fagervik ønskjer å arbeide vidare med planar om parkeringsplassar, mellom anna HC-plassar, nede ved kulturvegen. Det vil gjere området endå meir tilgjengeleg for fleire.

Tusen takk til alle som har bidrege gjennom sommaren – med dugnadsarbeid, maskiner, materiale, kaker, gode råd og oppmuntrande ord. Saman har vi kome langt.

Til alle som enno ikkje har prøvd traseen: Ta gjerne turen i løpet av sommaren! Stadig fleire oppdagar kulturvegen – enten dei vil gå ein roleg tur, sykle, bade, fiske eller berre nyte utsikta over fjorden.

God sommar – vi sjåast att til dugnad onsdag 5. august kl. 11.00!

Det var egentlig ikkje dugnadsdag i dag. Men to ivrige karar brydde seg ikkje om det. Fotografen var på ein liten guida ...
03/07/2026

Det var egentlig ikkje dugnadsdag i dag. Men to ivrige karar brydde seg ikkje om det. Fotografen var på ein liten guida tur med to deltakarar i tillegg til guiden. Turen vår var frå ruskedungen til Vortesteinen og tilbake. Og då vi kom nesten tilbake til startpunktet var denne kanskje 300 kilo steinen flytta ein meter. Korleis dei greidde det, er meg ei gåte. Forstår det slik at Kåre Gjul var iniativtakaren, og at han fekk med seg Finn Skjegstad. Dermed blir dette ein av fleire møteplasser på stien. Fantastisk imponerende.

💚 Dugnad før festFør over 50 deltakarar kunne leggje ut på den første opne vandringa langs Tresfjord Kulturveg, var dugn...
03/07/2026

💚 Dugnad før fest

Før over 50 deltakarar kunne leggje ut på den første opne vandringa langs Tresfjord Kulturveg, var dugnadsgjengen i full sving.

Den siste innspurten gjekk med til grusing og utbetring av stien, stubbefresing, oppsetting av informasjonsskilt og rydding ved Steinkaia. Målet var enkelt: å gjere opplevinga så god som mogleg for alle som ville vere med.

Som alltid vart det tid til ein kaffipause rundt bordet. Det er her planane blir lagde, historiene blir fortalde og samhaldet blir bygd.

Vi er stolte av dugnadsgjengen vår. Kvar benk, kvar meter sti, kvart informasjonsskilt og kvar rydda kvadratmeter er resultatet av frivillig innsats.

Ein stor takk til alle som stiller opp – veke etter veke.

🌿 Vi satsar på éin siste dugnad før sommarferien neste onsdag. Har du lyst til å vere med, er du hjarteleg velkomen!

🌿 Tusen takk for ein fantastisk dag!Den første opne kulturvandringa langs Tresfjord Kulturveg er gjennomført – og vi er ...
01/07/2026

🌿 Tusen takk for ein fantastisk dag!

Den første opne kulturvandringa langs Tresfjord Kulturveg er gjennomført – og vi er både glade og takksame.

Over 50 personar deltok på turen, og det var svært hyggeleg å høyre alle dei positive tilbakemeldingane undervegs. Mange sa dei var overraska over kor mykje som alt er gjort, og kor fin og triveleg turen var.

Det var ekstra kjekt å høyre at fleire aldri hadde vore i dette området tidlegare, og at mange opplevde å lære noko nytt om historia til Tresfjord.

Fleire gav også uttrykk for at det var interessant å høyre om planane for strekninga mellom Tresfjord kyrkje, naustmiljøet og Storurneset. Det gav ei betre forståing av at Kulturvegen ikkje berre handlar om det som er ferdig i dag, men om ein større visjon der historia, fjorden og bygda blir knytte saman til eit samanhengande kultur- og friluftsområde.

Ein stor takk til Arnstein, som ordna ein flott mat- og drikkestasjon midtvegs på turen. Kald og varm drikke, kjeks og god prat vart sett stor pris på.

Dei aller fleste valde å gå heile turen tur-retur kiosken på Fagervik Camping, der det vart mange koppar kaffi og endå fleire Stordalsis. I det flotte sommarvêret vart det ei hyggeleg avslutning med god prat og utsikt over Tresfjorden. Takk til Fagervik Camping for den gode mottakinga!

Informasjonsplakatane blir ståande gjennom sommaren, så vi vil varmt anbefale alle som ikkje hadde høve til å vere med i dag om å ta turen. Kulturvegen kan opplevast på eiga hand når det passar.

📍 Har du gått turen? Legg gjerne att ein kommentar under innlegget. Kva likte du best? Tilbakemeldingane dykkar betyr mykje for oss, og inspirerer oss i det vidare arbeidet.

Tusen takk til alle som deltok, til alle som har bidrege på dugnad, og til alle som heiar på Tresfjord Kulturveg.

Saman byggjer vi noko som vi håpar vil kome bygda og framtidige generasjonar til gode.

🌿 Dette var den første opne kulturvandringa – men slett ikkje den siste. Vi håpar endå fleire vil oppdage Tresfjord Kulturveg gjennom sommaren. Velkomen på tur!

Ei gåve til fellesskapetLangs Kulturvegen kjem det no fire nye kvilebenkar. Dei er ikkje kjøpte inn gjennom eit offentle...
30/06/2026

Ei gåve til fellesskapet

Langs Kulturvegen kjem det no fire nye kvilebenkar. Dei er ikkje kjøpte inn gjennom eit offentleg prosjekt, men er ei gåve frå det lokale sagbruket Villasaga.

Eigaren, John Trygve, har følgt utviklinga av Kulturvegen over tid. Han ønskjer å bidra til at fleire kan ta seg tid til å stoppe opp, nyte utsikta og oppleve landskapet.

Benkane er plasserte på stader som inviterer til ein liten pause: ved møteplassen på Kulturstien, ved Klokkesteinen, ved den gamle steinbrotplassen og ved Steinkaia med utsyn over Tresfjorden.

– Det er imponerande kva de har fått til med handmakt og dugnad. Dette er eit prosjekt eg gjerne vil støtte, seier John Trygve.

Gåva illustrerer noko som har blitt eit kjenneteikn ved Tresfjord kulturveg. Prosjektet blir ikkje bygd av éin aktør åleine. Det blir til gjennom mange små og store bidrag frå menneske som ønskjer å vere med og skape noko varig for bygda.

Ei investering som skaper verdi langt utover KulturvegenTresfjord kulturveg er ikkje berre eit prosjekt for dei som bur ...
29/06/2026

Ei investering som skaper verdi langt utover Kulturvegen

Tresfjord kulturveg er ikkje berre eit prosjekt for dei som bur i Tresfjord.

Prosjektet skaper verdi for heile lokalsamfunnet.

Campingplassen er eit godt døme. Allereie før Kulturvegen er ferdig, vel stadig fleire gjester å gå mellom campingen, sentrum og fjorden. Dei oppdagar naturen, kulturhistoria og nærmiljøet på ein måte som ikkje var mogleg då området var dominert av gjennomgangstrafikk.

Eigaren av campingplassen oppsummerer det slik:

«Det vert ein trygg turveg der fortida kjem til syne, med tema det kan snakkast og undrast over saman med ungane.»

Han fortel også om nederlandske gjester som oppdaga ville orkidéar langs ruta, og om tyske turistar som møtte dugnadsgjengen og uttrykte stor begeistring for arbeidet som blir gjort.

For reiselivet betyr Kulturvegen meir enn ein ny tursti. Han gir gjestene ei ekte oppleving av natur, kultur og lokalsamfunn – og styrkjer berekrafta til den lokale turistnæringa.

Samtidig kjem verdiane innbyggjarane til gode. Kulturvegen gjer fjorden lettare tilgjengeleg, skaper møteplassar, fremjar folkehelse og gir barn og unge høve til å oppleve historia der ho faktisk fann stad.

Det er derfor vi meiner Tresfjord kulturveg er meir enn eit anleggsprosjekt.

Det er ei investering for generasjonar.

Ein liten detalj frå dagens dugnad. Vi oppdaga ein svakhet på stien under trillebårkøyring med veggrus. Då var det pån i...
27/06/2026

Ein liten detalj frå dagens dugnad. Vi oppdaga ein svakhet på stien under trillebårkøyring med veggrus. Då var det pån igjen med å bygge opp ein betre sti. Her er eit par bilder med to fornøgde stibyggarar.

🌿 Dugnad langs Tresfjord kulturveg 🌿Endå ein flott dugnadsdag er gjennomført!I dag har vi arbeidd vidare med å utbetre K...
27/06/2026

🌿 Dugnad langs Tresfjord kulturveg 🌿

Endå ein flott dugnadsdag er gjennomført!

I dag har vi arbeidd vidare med å utbetre Kulturstien. Også denne gongen vart det frakta store mengder grus innover stien, og resultatet blir synleg for kvar dugnad. Målet er at stien skal vere klar til den første guida kulturvandringa.

Eit anna arbeidslag heldt fram med å rydde stikkvegen ned til Steinkaia. No er stikkvegen rydda og gangbar, og eit nytt kulturminne er gjort tilgjengeleg for alle.

Eit høgdepunkt i dag var at vi kunne innvie den nye rastebenken som Per har laga. Med utsikt over Tresfjorden vart det ei velfortent kaffipause og mykje godt prat rundt bordet. Randi serverte nybakte kanelbollar. Slike stunder minner oss om at Tresfjord kulturveg handlar om meir enn å byggje ein sti – han handlar også om å byggje fellesskap.

📅 Neste dugnad blir onsdag kl. 11.00, då gjer vi dei siste førebuingane før vandringa same ettermiddag.

🚶 Velkomen til kulturvandring langs traséen til Tresfjord kulturveg

Onsdag 1. juli kl. 17.00
📍 Oppmøte ved Tresfjord kyrkje

Bli med på den første guida kulturvandringa langs Tresfjord kulturveg!

Vi vandrar gjennom eit spennande kulturlandskap og stoppar undervegs ved Tresfjord kyrkje, fuglereservatet, naustmiljøet, Kulturstien, Klokkesteinen og Saltkjedla, Gamlevegen, Steinkaia, Vortesteinen og Fagervik.

Den fullstendige vandringa er 2,2 km éin veg (4,4 km tur/retur). Vi håper flest mogleg blir med på heile turen og opplever historia langs fjorden – steg for steg.

For dei som ønskjer det, organiserer vi transport mellom Tresfjord kyrkje og Fagervik Camping, slik at det er mogleg å gå éin veg.

Det blir fleire korte stopp med forteljingar om natur, kultur og lokalhistorie, og undervegs samlast vi til ei hyggeleg pause med enkel servering.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

❤️ Vil du støtte arbeidet med Tresfjord kulturveg?
Bli medlem for kr 100 – Vipps 727760.

Dugnadsgjengen ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Her kjem faktisk den tredje rapporten frå dagens dugnad. Det første bildet viser Finn Skjegstad ved den indste stikkrenn...
24/06/2026

Her kjem faktisk den tredje rapporten frå dagens dugnad. Det første bildet viser Finn Skjegstad ved den indste stikkrenna. Den har blitt gjort halvferdig nokre veker, men i dag gjorde Finn med god hjelp av Kåre Gjul og Eldar Hoem den ferdig. Andre bildet viser området der ytste stikkrenna er plassert. Her har vi dekt renna og steinfyllinga, og Arnstein og fotografen Finn er svært så fornøgd med seg sjølve. Dette er så langt stien går. Lenger ute er deler av den gamle ferdselvegen synlig, og er ganske lett å gå. Tredje bildet viser den to hundre år gamle stikkrenna. Siste bildet viser eit eksempel på den store innsatsen i dag. Minst halve stien vart grusa i dag med bøtte og trillebår. Imponerende.

Adresse

Storurneset
Tresfjord
6391

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tresfjord Kulturveg legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del