Tafjordbåten

Tafjordbåten Tafjordbåten (Mb Tafjord) Båten var bygt ved Einar Helland båtbyggeri i Vestnes i 1927. Båten var kontrahert av Tafjord Motorbåtlag som skyssbåt på fjorden.

Selskapets formål er å ta vare på "fjordabåten" M/B Tafjord gjennom antikvarisk restaurering og aktiv bruk av fartøyet med passasjer og godstransport, hovedsakeleg i indre Storfjordregionen.

På denne dag (7.april 2024) minnast vi at det er  90 år sidan den tragiske Tafjordulykka (7.april 1934)Klokka 03.08 natt...
07/04/2024

På denne dag (7.april 2024) minnast vi at det er 90 år sidan den tragiske Tafjordulykka (7.april 1934)
Klokka 03.08 natt til laurdag 7.april 1934 løsna eit stort fjellparti på 1-2 millionar kubikkmeter, kalla Langhammaren, og sopa med seg ei bratt ur under, Heggura. Fjellskredet starta frå 730 meters høgde og steinmengda var til saman om lag 3 millionar kubikkmeter då massane i ei fart på rundt 100 km i timen traff vassmassane i fjorden under, Tafjorden. Dermed starta ei flodbølgje (tsunami) som breidde seg utetter og innetter fjorden med ein fart på om lag 160 km/t.
Skredomeådet ligg på nordsida av Tafjorden, midt mellom bygdene Tafjord, som ligg innerst i fjorden, og Fjørå. Dei høgste bølgjehøgdene vart målt tett aust for skredfaret, og den tredje bølgja nådde ei høgd på 63,5 meter. Dette var til den tid den høgste, kjende flodbølgjehøgda i Noreg. Dei enorme vassmengdene som med stor kraft vart kasta inn mot land, knuste alt som stod i vegen. Dei materielle skadane var store, men likevel bitte små mot tapet av i alt 40 menneskeliv (23 i Tafjord og 17 i Fjørå).
Alt dette skjedde på den mest dramatiske måten ein kan tenkje seg. Først og fremst var det lyden i nattemørket. Det kom brått eit fælsleg brak, verre enn frå ei enorm dynamittsalve, som fekk alle områda langs Tafjorden til å riste og skjelve. Deretter følgde eit uhyggeleg bulder som liksom ingen ende tok. Denne lyden likna ikkje på nokon kjend lyd, blir det fortalt, og var så ubeskriveleg skakande at den sat att i menneskesinna i mange, mange år etterpå.
Utvidinga av sprekken i Langhammaren vart registrert av mange lenge før hammaren ramla ut. Men på den tida hadde ein ikkje kunnskap eller ressursar til å kunne gjere så mykje med det. Diktaren Olav H. Hauge har skildra det så godt i desse versa:
«Du bur under bergfall.
Og du veit det.
Men sår din åker
og trør trygt ditt tun
og let dine born leika
og legg deg
som inkje var

Og kjem raset,
kjem det ikkje uventa.
Men du tek til å rydja
den grøne boti
under berget
-um du då har livet.»

70 år etter ulykka vart Åknes/Tafjord prosjektet starta av kommunane Stranda og Norddal (sistnemnte er no ein del av Fjord kommune) for å få myndigheitene til å sette fokus på fjellskred. Prosjektet fekk etablert overvaking av fleire lokasjonar med liknande forløp som Langhammaren. Fire år seinare vart Åknes Tafjord Beredskap Interkommunale selskap stifta. Alle kommunar som er i faresona for å bli ramma av eit fjellskred og påfølgjande flodbølgje, i større eller mindre grad, vert inviterte til å vere med. Selskapet er lokalisert i Stranda kommune, og er i dag eigd av kommunane Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ørsta, Ålesund
1. januar 2015 tok Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) over ansvaret for all fjellskredovervaking i Norge.
Tilsette og utstyr blei overført frå dei to interkommunale selskapa Åknes Tafjord Beredskap IKS til NVE.

Vi håper og tru no att vi som bur mellom farlege fjell og fjord kan sove tryggare om natta sidan vi har gått frå ei vente å sjå haldning til ei overvaking- og beredskapshalding.

Kjelder: Astor Furseth: "Dommefasfjellet-Tafjordulykka 75 år etter"
Åknes Tafjord Beredskap IKS / NVE
Foto: Astor Furseth sitt fotoarkiv

Endeleg dukka det opp eit foto frå 1960-talet med båten på! Det er guten i midten, Tor Sindre Grønningsæter (fødd 1958) ...
29/10/2021

Endeleg dukka det opp eit foto frå 1960-talet med båten på! Det er guten i midten, Tor Sindre Grønningsæter (fødd 1958) flankert av foreldra Arne og Kristine, som har levert fotoet. Fotografen er ukjend, men karen i rorhuset er Hallvard Tafjord. Båten er på veg ut Tafjorden, og har passert garden Kastet som vi ser i bakgrunnen.
M/B Tafjord gjekk gjennom ei større ombygging i 1960 hos Einar Helland båtbyggeri på Vestnes, som også bygde båten i 1927, så dette fotoet synest å vere teke like etter denne restaureringa. Eller kor mange år kan guten på bildet vere?

Adresse

Grandane
Valldal
6210

Telefon

+4795127032

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tafjordbåten legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tafjordbåten:

Snarveier

Del